Hei igjen:)
Denne gongen fekk vi som oppgåve å «fikse» den første teksta vår som vi skreiv for ei veke tilbake, den teksta handlar om boka som eg les på skulen, og han heitar «eit auge raudt». han er litt spennande og gjer at eg har lyst å lese, men grammatikken i den boka irriterer meg, men jaja, eg får prøve!
Som sagt, boka handlar om Halim, som er ein ungdom som bur heime med faren sin i Sverige, mora til Halim er død, men det er ikkje akkurat det Halim tenkjar på. Halim er veldig irritert over det «Svensk kulturelle samfunnet», grunnen til det er ikkje heilt kjent, men han følar at han må grave litt meir i den saka.
Halim kjem frå Marokko, eit stad nordvest i Afrika og der nede er dei vanta med at alle snakk eit felles arabisk språk, men når Halim integrerer seg i Sverige med Faren sin så er det ikkje akkurat lett å tilpasse seg i eit nytt land med eit heilt anna språk som som han må lære seg å meistrar.
Halim er ein ungdom, men han følar at det er noko som skjer i Sverige som han må forandre på. Såg han utforskar og prøver å verkeleg leve djupt inn i den Svenske kulturen for å finne ut kva som eigenleg er på gang, men Halim har ikkje akkurat lyst å lære seg ordentleg svensk, men det gjer pappaen hans, alt faren til Halim vil er at han skal klare å snakke godt svensk slik at han vil klare seg bra i Sverige.
I starten av boka møter vi òg «dalinda», ho virkar som ei gammal kvinne som har verkeleg lyst til å hjelpe Halim, men faren til Halim mislikar det sterkt, alt han vil er å få vekk Halim frå Dalinda, men Halim trivest saman med den eldre kvinna.
Så, det er vel det som har skjedd så langt, ikkje mykje men det får halde :). meininga mi om denne starten er at Halim, han kjem til å klare seg bra i Sverige, men eg er verkeleg usikker på kva som skjer i mellom Dalinda, Halim og faren, men vi får sjå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar